John Lepsøy vil følgja med isen i dagane som kjem. - Om me får mildvêr, er det interessant å sjå korleis det verkar inn på isen, seier han.
John Lepsøy vil følgja med isen i dagane som kjem. - Om me får mildvêr, er det interessant å sjå korleis det verkar inn på isen, seier han.

Is-målar følgjer nøye med

- Det ser ut til at me kan få nokre plussgradar dei nærmaste dagane. Det blir interessant å følgja med på korleis det verkar inn på isen på vatna, seier John Lepsøy.

I dag har gradestokken vist plussgrader, og prognosar seier at temperaturen vil halda seg rundt 0 dei komande dagane.

- Det går lang tid mellom kvar gong me får så tjukk is her. Eg er usikker på korleis nokre dagar med eit eventuelt mildvêr vil verka inn på isen, seier Lepsøy og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- No har me stål-is, som er mykje sterkare enn sørpe-is. Det er nok ikkje noko fare for at isen blir utrygg, men eg vil følgja nøye med i dagane som kjem. I dag er isen om lag 15 cm tjukk, om eg ser at han blir eit par centimeter tynnare, vil eg hengja opp skilt om utrygg is, seier Lepsøy.

Sludd i ytre strøk

Storm melder litt kaldare vêr enn Yr. Sistnemnde spår at me dei neste to dagane vil oppleva temperaturar kring 0 grader, medan Storms prognosar viser rett under frysepunktet.

Vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt, Anna Reistad, fortel at det blir sol i morgon, men at det skyar til på onsdag.

- Då får me nedbør, men det er usikker kor mykje. Nedbøren kjem i form av snø. I ytre strøk kan det bli sludd, seier Reistad.

Iskaldt i helga

Også i helga er det mogleg at det kjem litt snø. Om prognosane slår til, vil det kunne bli veldig kaldt, spesielt natt til søndag.

- I helga kan me få opptil -16 grader. Då snakkar me om natt til søndag. Det blir nok litt mildare utover dagen, men framleis nokså kaldt, seier Reistad.

Send oss ditt skøytebilete

Det er, og har vore, eit yrande folkeliv på vatna etter at isen blei erklært trygg. Me vil oppmoda lesarar i Os og Fusa til å dela sine skøytebilete med oss på Facebook.

Stålis er blank, gjennomsiktig is med stor bereevne.

Stålis vert danna når stille vatn frys. Prosessen skjer i fleire trinn: Fyrst vert det danna eit nettverk av horisintale akslar med isstavar ut frå kanten med underkjølt vatn mellom stavane. Sidan frys det underkjølte vatnet til tynne isplater. Isplatene er sett saman av krystallar med ulik krystallretning, og når prosessen er gunstig, fyller dei ut heile volumet. Krystallane kan vere 10 - 100 mm ved overflata, og så lange som isen er tjukk [1].

5-10-20-regelen

5 cm stålis vil bera vekta av ein vaksen som går åleine og fer varsamt fram.

10 cm stålis er trygg nok for leik og moro.

20 cm stålis kan bera køyretøy med bruttovekt inntil 2 tonn.[2]

50 cm stålis kan bera køyretøy på 12 tonn totalvekt og ei aksellast inntil 7 tonn.

80 cm stålis kan bera køyretøy på opptil 25 tonn med ei aksellast inntil 10 tonn.

(Kjelde: Wikipedia)