I januar fekk Os brannvesen i oppgåve å  måla is på ein del vatn i bygda. Men i denne omgang vert ikkje isen farbar.
I januar fekk Os brannvesen i oppgåve å måla is på ein del vatn i bygda. Men i denne omgang vert ikkje isen farbar.

Isen rekk ikkje å bli farbar

Brannvesenet har i dag vore ute og målt isen, og må konstatera at den ikkje er farbar nokon stad.

Varabrannsjef Arne Monsen fortel at brannvesenet i dag har vore ute og målt is.

Plussgrader meldt

- Kort fortalt er ingen av vatna trygge. Og i morgon er det meldt plussgrader og litt sludd, så det ser ikkje ut til at isen rekk å bli farbar i denne omgang, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Yr.no er i dag siste dagen med sol og kaldt, før skyer og plussgrader tek over. Storm trur vêromslaget kan drøya til torsdag.

9 vatn med utrygg is

Vatna brannvesenet i Os har vore ute og målt er følgjande: Vindalsvatnet, Gåssakilen, Banktjørno, Tveitvavatnet (i Hegglandsdalen). Lekvenvatnet, Bjørnavatnet, Langavatnet (på Drange), Strønevatnet og Ulvenvatnet. Ingen av dei har altså farbar is.