Haglkorn i Varåsen torsdag kveld.
Haglkorn i Varåsen torsdag kveld.

Ishagl store som klinkekuler

I ettermiddag kom det ei haglbyge av dimensjonar nedover Os.

Rundt kl. 17 høyrte osingane ei høglytt haglbyge i emning. Ishagl* store som klinkekuler fall ned og la eit kvitt teppe etter seg. Vêrmeldinga framover inkluderer ustabile luftmassar, og torevêr har også vore meldt. På julaftan er det meldt lett regn og liten kuling.

*Ishagl er kuler eller klumpar av is med tverrmål fra ca. 5 mm opp til over 130 mm, dvs. storleik frå erter til grapefrukt.