Jarle Kvalvik (50) er i dag kommunalsjef for tekniske tenester i Askøy kommune. Før dette var han utbyggingssjef i Bergen kommune.
Jarle Kvalvik (50) er i dag kommunalsjef for tekniske tenester i Askøy kommune. Før dette var han utbyggingssjef i Bergen kommune.

Jarle Kvalvik vert ny kommunalsjef

Det melder kommunen på sine heimesider.

– Det er ei glede å melde at Jarle Kvalvik har takka ja til stillinga som kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, seier rådmann Christian Fredrik Fotland til nettstaden.

Der vert det opplyst at Jarle Kvalvik (50) «har lang fartstid frå offentleg sektor». I dag er han kommunalsjef for tekniske tenester i Askøy kommune. Før dette var han utbyggingssjef i Bergen kommune, der han hadde ansvar for heile investeringsporteføljen til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Med ein master i Facility Management, ingeniør i marinteknikk og masterprogram i økonomi og leiing, har Kvalvik ei solid utdanning innan både tekniske fag og økonomisk/administrative fag, heiter det vidare,

Kvalvik har også vore kommunalsjef i Øygarden kommune, driftsdirektør i BOB og leiar for UiB Eiendom.

- Oppstartstidspunkt for Kvalvik er ikkje klart enno. Lisbeth Axelsen held fram som konstituert kommunalsjef for Samfunnsutvikling fram til Kvalvik startar, vert det opplyst.

jostein@osogfusa.no