Har stengd dørene: Tysdag vart det klart at Leigland Bygg må stengja dørene.

Jobbar intenst med å få oversikt etter at Leigland Bygg stengde dørene. Anslår gjelda til selskapet

Advokat Rune Stavenes fekk buet på sitt bord tysdag ettermiddag.

Tysdag vart det klart at Leigland Bygg må stengja dørene. Advokat og bustyrar Rune Stavenes jobbar no intenst med å få oversikt over aktiva og gjeld i selskapet.

– Eg fekk dette buet i fanget tysdag ettermiddag, og no jobbar vi med å finna verdiane i selskapet og registrera buet. Etter kvart skal vi sjå på moglege løysingar til å realisera verdiane på best mogleg måte, seier Stavenes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skal også sjå til at dei tilsette får sendt inn sine krav til løn og feriepengar.

Les også
Leigland Bygg har begjært oppbod: - Var ingen annan utveg

Han fortel at det dagleg kjem fordringar frå kreditorar.

– Vi har ikkje fått inn alle krava enno. Kreditorane har frist på seg til 17. oktober, opplyser Stavenes.

Om gjelda i selskapet, seier advokaten at han ikkje har eit reelt tal å oppgje per no, men basert på tal han har fått frå Leigland Bygg sjølv, anslår han gjelda til oppunder 200 millionar per no.

– Kor vi hamnar til slutt, når alle fordringar er komne inn, veit eg ikkje.

Alt dette vil vera klart til rettsmøtet i november. Innan den tid har Stavenes også betre oversikt over alle krava i buet.

Les også
Blei kalla inn til møte i går: I dag fekk dei den nedslåande beskjeden

Éi av dei viktigaste oppgåvene til bustyrar er å finna den beste måten å realisera verdien i selskapet på. Eitt alternativ er å selja selskapet i sin heilskap til nokon som vil driva vidare.

– Det fordrar at nokon meiner det finst ein marknad der ute som dei finn det verdt å operera i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det andre alternativet er å selja stykkevis og delt, i form av utstyr, bygningar, bilar m.m.

– Uansett ynskjer sjølvsagt både banken og selskapet å få mest mogleg att for dei verdiane som er.

Les også
— Ein veldig trist dag for alle oss som har hatt eit godt forhold til Mikal og bedrifta hans

Arbeidet ved Leigland Bygg vart lagt ned tysdag kl 12, og det ligg ikkje an til noko drift ved verksemda i ein mellomfase.

Større prosjekt som Leigland Bygg var engasjert i, stoppar då også opp.

– Kontraktsmotparten vil sjølvsagt ha ferdigstilling, men ein slik konkurssituasjon gjer ofte at kontraktar vert oppheva, og ein må finna andre løysingar. Så spørst det litt kor langt dei ulike prosjekta er komne og kva som står att, men dette er noko vi må se på vidare. Vi er i ein tidleg fase, konstaterer Stavenes.

Han seier dei no jobbar intenst med å få oversikt og at det er mange ballar som må landast.

– Men vi får betre oversikt for kvar dag som går.