Både Stine Eidsvik Flint (f.v.), Steinar Vaage Tveit, Johanne Marie Palm Frantzen og Inger Elin Orra synest det var ein underhaldande debatt. - Men debattleiarane kunne ha vore strengare, meinte dei.
Både Stine Eidsvik Flint (f.v.), Steinar Vaage Tveit, Johanne Marie Palm Frantzen og Inger Elin Orra synest det var ein underhaldande debatt. - Men debattleiarane kunne ha vore strengare, meinte dei.

Jubel for trimma mopedar

Løfte om mopedar utan plombe fekk mest applaus under fredagens skuledebatt på Fusa vidaregåande.

– Kor mange parti er for at mopedar skal kunna gå fortare enn 45 kilometer i timen, spør ein elev når ordet endeleg vert fritt etter ein halvannan times lang debatt.

Om lag seks av ni representantar rekkjer hendene i vêret, men ikkje alle ser ut til å vita heilt kva dei skal meina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ok, kor raskt kan de få endra reglane, spør eleven igjen.

til dagens største applaus.

Gøy med live debatt

Stine Eidsvik Flint, Steinar Vaage Tveit, Johanne Marie Palm Frantzen og Inger Elin Orra vart engasjerte av debatten, på godt og vondt.

Olav G. Gilbakken frå Liberalistane (t.h.)  vedgjekk i sin avslutningsappell at sikkert ikkje alt han hadde sagt var like klokt og måtte tola krass kritikk frå mellom anna Senterpartiet. FpU heldt energien oppe med å drikka Burn.
Olav G. Gilbakken frå Liberalistane (t.h.) vedgjekk i sin avslutningsappell at sikkert ikkje alt han hadde sagt var like klokt og måtte tola krass kritikk frå mellom anna Senterpartiet. FpU heldt energien oppe med å drikka Burn.
Medan Senterungdomens Chase Jordal heldt seg med eigen bondedrikk.
Medan Senterungdomens Chase Jordal heldt seg med eigen bondedrikk.
Det var høg temperatur blant debattantane på scena, men også etter kvart i ein fullsett gymsal.
Det var høg temperatur blant debattantane på scena, men også etter kvart i ein fullsett gymsal.
Rød Ungdom (t.v.) og Sosialistisk Ungdom fann saman i fleire saker.
Rød Ungdom (t.v.) og Sosialistisk Ungdom fann saman i fleire saker.
Ordførar Atle Kvåle tok turen innom frå kommunehuset som er nærmaste nabo.
Ordførar Atle Kvåle tok turen innom frå kommunehuset som er nærmaste nabo.

– Eg var samd i ein del, men nokre av ungdomspolitikarane vrei seg unna ting, seier Johanne Marie.

– Ja, og ikkje alle var like saklege heller, seier Inger Elin.

Ingen av dei fire er gamle nok til å røysta ved stortingsvalet, men alle har tenkt å røysta ved det komande skulevalet.

Medan Johanne Marie har bestemt seg for parti, er dei tre andre meir usikre. Dagens debatt har ikkje gjort dei meir sikre.

– Uansett var det skikkeleg underhaldande og veldig spennande å vera til stades i staden for berre å lesa om det på nettet, seier Stine og Steinar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Zombiar

Debatten var innom tema som skule, eldreomsorg og innvandring.

Naturleg nok vart det ekstra engasjement rundt fråversgrensa i vidaregåande skular, og partia nærast kappa om å ta avstand frå denne.

– SV har vore elevens parti heile vegen. Det var vi som organiserte elevstreik, sa Anna Sofie Ekeland Valvatne som meiner ordninga fører til at elevar - dopa på sovemedisin og antibiotika - går på skulen som nokre zombiar.

Det einaste partiet som forsvara ordninga var Høgre.

– I Kenya går jentene på skule for å få gå på skule. I Noreg går SV i tog for at elevane skal få lov til å skulka 10 prosent.

Regjeringspartnar Frp tok til orde for å mjuka opp ordninga ved å gjera køyreopplæring til gyldig fråvêr og gje helsesøster høve til å sjukmelda elevar.

«Lovfesta ligg» og «ufarleg joint»

Også spørsmålet om lærlingar engasjerte. Arbeidarpartiet møtte sterk kritikk frå fleire hald for sitt forslag om lovfesta rett til læreplass.

– Det er like umogleg som å lovfesta eit ligg på byen, meinte Frp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit ligg på byen kan vi i Arbeidarpartiet dessverre ikkje hjelpa deg med, repliserte Ap.

Ute på høgrefløyen sat Liberalistene. Eit parti som har gjort seg bemerka med kontroversielle innspel i fleire skuledebattar denne hausten.

– Det farlegaste med å ta ein joint er at det hamnar på rullebladet ditt, sa representanten til både latter og applaus.

Himling og hovudristing

Dei unge debattleiarane Anna Skaathun Epland og Snorre Sørstrønen oppmoda til ein respektfull og audmjuk debatt og bad politikarane halda seg til tidsgrensa for innlegg og replikkar.

Etter som temperaturen steig, vart det likevel stadig vanskelegare for dei å styra den taletrengde gjengen.

Nokre av dei unge politikarane gjekk dessutan durkdrivne debattantar ein høg gong med risting på hovudet, himling med augene og vittige kommentarar medan andre hadde ordet. Ferdigpugga, frekke ordspel hagla, eit og anna bannord flaug, men berre ein gong sette debattleiarane ned foten og minna om å halda ein respektfull tone.

Med andre ord ein typisk skuledebatt.

anne-marie@osogfusa.no