Ikkje plast: Verken juletrenett eller vedsekkar skal kastast i plastinnsamlinga, sjølv om dei er laga av plast.

Juletrenett og vedsekkar skal ikkje kastast i plast

- Kan skapa driftsstans og store øydeleggingar.

– Vi oppfordrar alltid alle til å kjeldesortera, men akkurat juletrenettet er veldig problematisk å få inn på sorteringsanlegga som handterer all plastemballasje før det blir materialgjenvunne, seier Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt punkt Norge, i ei pressemelding.

Grunnen er at nettet kan snurra og kveila seg fast i maskineriet på sorteringsanlegga, noko som kan skapa driftsstans og store øydeleggingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det same gjeld for vedsekkar.

– Nettet skal kastast i restavfallet, i all fall for dei aller fleste, seier Ljøstad.

Unntaket er for innbyggjarar på Nedre Romerike, Follo, og andre kommunar som leverer avfall til ettersorteringsanlegget på Romerike avfallsforedling (ROAF).