Dukka opp: Søndag skal denne bilen ha dukka opp på eigedomen til Even Femanger. Ein mann skal så ha gått rundt på eigedomen og kjend på dører og sett inn vindauge, før mann og bil forsvann igjen.

Kamera fanga opp mann som luska på eigedomen: — Det er litt ekkelt

Even Femanger er ikkje skuggeredd, men opplever det likevel ubehageleg å ha uvedkomande på eigedomen sin.

Det har den siste tida vore tilfelle av innbrot i hytte og tjuveri ifrå ein parkert bil i det same området. Søndag opplevde Femanger, som bur langs Sundvorvegen på Baldersheim, at ein mann i ein større bil dukka opp på eigedomen.

Einaste huset i området

Femanger bur om lag 600 meter frå hovudvegen. Det bur ingen andre langs vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vegen går vidare til eit vatn. Nede ved vegen ligg Femangerlaks. Noko med det første eg gjorde, var å ta kontakt med dei for å høyra om dei hadde nokon i arbeid i nærleiken, eller om dei visste om ei mogleg årsak til at eg fekk besøk på tunet. Det gjorde dei ikkje, seier Femanger.

Han fortel vidare at kameraovervaking på eigedomen søndag plukka opp ein større bil som kom inn på eigedomen. Bilen skal ha stått i nokre minutt, før ein mann gjekk ut.

Femanger var ikkje heime, men han får varsel når kameraovervakinga slår seg inn.

— Eg såg ein mann som gjekk på låvebrua på eigedomen og kika på kameraet eg har der. Han kjende på døra og gjekk rundt og såg inn fleire vindauge, før han gjekk til huset. Der såg han også på kameraet, kjende på dører og såg inn vindauge før han gjekk mot fjøset. Eg tenkjer at det var rekognosering, seier Femanger.

Sladda: Biletet Femanger la ut, var av ganske dårleg kvalitet. Dette biletet av mannen er ytterlegare sladda.

Nervøsitet i bygda

Bilete og video er delt med politiet. Hovudårsaka til at Femanger i si tid fekk opp overvaking, var stormen Nina som herja i 2015.

— Då rauk heile endeveggen på løa. Eg har vore litt nervøs sidan når det har vore litt vêr. Eg fekk overvaking for å kunna følgja med når eg ikkje er heime. Hendingar som eg opplevde søndag var også ein del av årsaka, sjølv om eg aldri har opplevd noko slikt her før.

Femanger har budd på eigedomen i over 20 år. Hendinga søndag og innbrot og tjuveri den siste tida, har ført til nervøsitet i bygda.

— Eg merkar det på folk, ja, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kjenner du deg utrygg?

— Eg kjenner meg ikkje utrygg og det er ikkje slik at eg ikkje vågar å vera heime. Eg er ikkje skuggeredd. Men det er klart at det er jo litt ekkelt.

Måndag la Femanger ut ei melding i gruppa “Kvardagsprat i Fusa” på Facebook. Han opplyste om tilfellet og la ved bileta brukt i denne saka, for å åtvara andre.

— Det har heller ikkje etter dette kome ei naturleg forklaring på kvifor denne personen var på eigedomen min søndag.