Dei åtte framandspråklege som besøkte Fusa vidaregåande skule sist veke, er blant dei aktuelle til å gå i ein eventuell innføringsklasse.
Dei åtte framandspråklege som besøkte Fusa vidaregåande skule sist veke, er blant dei aktuelle til å gå i ein eventuell innføringsklasse.

Kan bli ny minoritetsspråkleg klasse i Os eller Fusa

På grunn av mange nye minoritetsspråklege elevar, blir det no vurdert å oppretta ein eigen klasse for desse.

Torsdag førre veke var det open dag på Fusa vidaregåande skule. Ei gruppe unge flyktningar frå Syria var på besøk på det som kanskje kan bli deira skule til neste år.

- Me har fått melding om at det bur ein del minoritetsspråklege elevar i Fusa, men også i Os og Samnanger. Det kan medføra at me må oppretta ein eller fleire minoritetsspråklege klassar i området, seier inntaksleiar i Hordaland fylkeskommune, Nils Skavhellen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar samtidig at dette ikkje er avgjort enno.

- Treng betre grunnmur

- Kva vil dette i så fall innebera?

- Det handlar om eit ekstra år med basisfag, for å betra kunnskapen på desse felta. I tillegg vert det lagt særleg vekt på å betra norskkunnskapane til søkjarane. Slik vil dei få ein betre grunnmur til å kunna klara seg i ordinært Vg1-kurs til neste år, seier Skavhellen.

Han seier at enkelte elevar kjem frå land med eit heilt anna alfabet, og har difor vesentleg større utfordringar på ny skule.

Heng saman med nedlegging av Fana

- Dette heng også saman med at Fana gymnas blir lagt ned. Dei har hatt eit slikt innføringsår for minoritetsspråklege tidlegare, seier han.

Alternativet for desse er å pendla heilt til Bergen, som er den einaste gjenverande staden med innføringsår i regionen.

I Os er så langt ikkje gymnaset kontakta angåande dette, men ungdomsskulane har fått spørsmål om behovet.

- I Os har ungdomsskulane hatt ein liten runde for å finna ut kor mange elevar det totalt sett dreier seg om, seier Skavhellen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For denne søkjargruppa er søknadsfristen 1. februar.