Koronavaksine: Det blir truleg mange vaksinar å klargjera i vekene som kjem.

Kan få kring 2.000 dosar i vekene fram mot juli

Vaksineteamet i Bjørnafjorden kommune førebur lange vakter i vekene som kjem. — Det vil bli veker med 2.000 dosar og kanskje fleire, seier Jonas Nordvik Dale.

I dag (onsdag) vaksinerte Bjørnafjorden kommune i overkant av 700 personar i Os idrettshall og i kommunetunet i Eikelandsfjorden. Men førebuingane til neste veke er alt i gang. Då er det mange som må vera budde på dobbeltvakter.

— Totalt skal me vaksinera over 1.550 personar neste onsdag. Her i Oshallen jobbar me no for å sikra at me kan halda det gåande frå 8 om morgonen til 20 om kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Då blir det doble vakter på mange av dykk?

— Ja, me er jo avhengige av å vera kring 20 personar, så me er vel ein gjeng som må førebu oss på ein lang dag, seier Dale.

I Eikelandsfjorden brukar dei å vera fem-seks personar i teamet. Også der blir det truleg ein lang dag.

— Me reknar med at 240 av dosane skal nyttast der inne, seier Nordvik Dale.

To nye vaksinar på trappene

Det blir altså ny rekord i talet på folk som skal vaksinerast i kommunen neste onsdag. Førebels er det uklart kor mange vaksinar ein får veka etter der, men signala er at det kjem mange.

— Det tettar seg til no. FHI antydar at me kan få fleire veker med kring 2.000 vaksinar når me kjem litt ut på sommaren, fortel Nordvik Dale.

Mykje tyder også på at ein her i Noreg vil godkjenna to nye typar vaksinar i løpet av relativt kort tid.

— Det gjeld Novavax og Clurevax-vaksinane. Dei skulle først ikkje vera klare for den norske marknaden før ut på hausten, men no har me fått signal om at dei kan koma alt i sommar. Truleg blir det på seinsommaren, seier Nordvik Dale.