Kasta fyrverkeri inn vindauge

Like før midnatt fredag vart det kasta fyrverkeri inn eit vindauge i ein bustad på Nore Neset. Ei gruppe ungdomar vart observert i området.

Det  var like før midnatt at fyrverkeriet vart kasta inn. Vindauget stod på gløtt for lufting i ein bustad på Nore Neset. Etter hendinga vart ein person med sort jakke og kvit hettegenser observert like i nærleiken.

Fyrverkeriet førte til lyd og røyk inne i bustaden, samt svimerke på golv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser på handlingar som dette som potensielt svært farleg, seier Rune Fimreite i Os lensmannskontor.

– Fyrverkeri er berre lov å nytta seg av på nyttårsaftan mellom kl 18. og 02.00. Brot på denne lova kan medføra straff og bøter, legg Rune Fimreite til.

Politiet ønskjer tips i saka.