Hopp og sprett: Pengane skal gå til aktivitetar for dei minste. Her to deltakarar på ein handballskule i Oshallen tidlegare i år.

Kjærkomen julegåve til Os Turn skal gå til dei aller minste

Dei 144.000 kronene frå Gjensidigestiftelsen er øyremerkt «Sunday Funday».

Gjensidigestiftelsen har innstilt over 124 millionar kroner til prosjekt under utlysinga «Aktiv fritid for alle», og nesten 700 organisasjonar har fått ei gledeleg julegåve no i desember.

Stiftinga mottok 1.720 søknader i 2022. Totalt har 692 prosjekt over heile landet fått støtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er stort spenn i prosjekta, som strekkjer seg frå 30.000 kroner til plateinnspelingar og opp til dei største prosjekta som har fått 600.000 kroner.

Os Turn er mellom dei heldige mottakarane, og er tildelt kr 144.000.

Hopp og sprett

— Eg må berre få seia tusen takk til Gjensidigestiftelsen. Det er kjempekjekt at dei vil hjelpa oss med dette prosjektet, seier dagleg leiar i Os fotball, Endre Brenne.

Han har sjølv sendt inn søknaden i fellesskap med leiar for Os handball, Christian Bugge. Pengane skal gå til prosjektet «Sunday Funday».

— Det er eit søndagstilbod i Oshallen med leik og moro for dei minste, smiler han.

Brenne gler seg over å no kunna få opp endå eit godt aktivitetstilbod i regi av klubben.

— Her blir det plass til smårollingar som vil hoppa og spretta. Vi er glade for å kunna gjera noko for dei aller minste.

Lista over mottakarar ser du her.

Artikkelen held fram under annonsen.