Postterminal: Ein ny terminal som denne i Alta er det Posten Bring ønskjer å byggja i nærleiken av Bergen.

Kjem ikkje til Lyseparken

Fleirtalet i Bergen bystyre sa ja til planane på Kokstad.

Onsdag skreiv Os & Fusaposten at Posten Bring hadde vore i kontakt med Bjørnafjorden Utviklingsselskap og fått orientering om tomtene dei har for sal i Lyseparken.

Møtet kom i stand etter at Statsforvaltaren i vår oppheva vedtaket om Posten si utbygging på eit tomteområde på Kokstad i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har bystyret i Bergen med stort fleirtal stemt for at utbygginga på Kokstad likevel kan finna stad.

Les også
Posten Bring har vore i møte om Lyseparken

Vedtak med nokre mindre endringar

Saka var oppe i bystyret onsdag. I innstilling til saka heiter det at det ikkje er registrert store naturverdiar i området, og at det er «teke grep for å sikra avbøtande tiltak som i sum gjer at inngrepet kan forsvarast».

Vedtaket vart sikra med eit stort fleirtal av stemmene med atterhald om nokre mindre endringar og tilpassingar i utbygginga.