Slit: Vassforsyningssystemet til kommunen greier ikkje å fylla alle basseng og vatna alle hagar i Bjørnafjorden samstundes.

Kjem med ny oppmoding: - Om ikkje forbruket går ned, må vi vurdera å innføra vatningsforbod

Vassforbruket i Bjørnafjorden er no så høgt at kommunen har problem med å levera vatn i fleire område.

– Vassforsyningssystemet vårt greier rett og slett ikkje å fylla alle basseng og vatna alle hagar i kommunen samstundes, seier einingsleiar for samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland.

Ho oppmodar alle til å redusera hagevatning/bruk av vasspreiar og anna unødvendig vassbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ikkje forbruket går ned, må vi vurdere å innføre vatningsforbod. Dersom det skulle oppstå ein brann, kan vi faktisk risikera å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkkja brannen, seier Haugland.

Ho kjem med følgjande råd til alle i heile Bjørnafjorden kommune som får vatn frå eit kommunalt vassverk:

* Ikkje bruk vatn unødvendig.

* Reduser bruk av spreiarar, og ikkje la hageslangen liggja og renna.

* Gå for gjenbruk av vatn: Bruk vatnet i plaskebassenget til å vatna plantar og bed.