Jon Sivert Rykkel, Terje Breivik og Glenn Erik Haugland
Jon Sivert Rykkel, Terje Breivik og Glenn Erik Haugland

Kjempar vidare for indre trasé

Os Venstre meiner indre trasé må vurderast på ny. Torsdag prøvde lokalpolitikarane å få stortingsrepresentant, og nestleiar i Venstre, Terje Breivik, med på laget.

På fylkesårsmøtet til Hordaland Venstre for fire år sidan gav partiet tommelen opp for midtre trasé og kryssing av Bjørnafjorden for framtidas fergefrie E39. Føresetnaden var ifølgje Glenn Erik Haugland at traseen skulle ha tog, at Søre Øyane skulle skjermast, og at vegutbygginga skulle bli den grønaste noko sinne.

No meiner Os Venstre det er på tide å reorientera seg. Lokalpolitikarane vil ha saka opp på ny. Aller helst med eit nytt vedtak som seier at indre trasé er eit betre alternativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sidan vedtaket vart gjort for fire år sidan, er to av tre vesentlege moment endra, påpeika Jon Sivert Rykkel i det opne møtet Os Venstre inviterte til på Osøyro torsdag.

- Mange viktige prosjekt

Tema for møtet var arbeidsplassar og næringspolitikk, samt Nasjonal Transportplan (NTP). Med brusaka friskt i minnet, var det naturleg nok den nært føreståande NTP-en som fekk størst merksemd. Om Os Venstre skal koma i hamn med målsettinga si om å utgreia indre trasé på ny, ser ein helst ikkje at Hordfast er blant prosjekta som vert prioritert høgast i planen (dei fire første åra).

- Som Hordaland sin representant på Stortinget er det min jobb å kjempa for alle prosjekt som er viktige for regionen, sa Terje Breivik.

På den andre sida er det kanskje andre prosjekt som kjem lenger fram i køen enn Hordfast. Breivik trekte fram Sotrasambandet, E16 og Vossebanen, bybaneutbygginga, E39 nordover og Rv 7 i Hardanger, som fungerer som avlastingsveg når E16 er stengt.

- Det er mange viktige prosjekt. Sotrasambandet til dømes har stått i kø lenge. Det er vanskeleg å utsetja det prosjektet meir. E16 og Vossebanen er eit kinderegg. Saman med utbygging av Ringeriksbanen kan ein redusera reisetida mellom Bergen og Oslo med nesten to timar, påpeika V-politikaren.

Breivik meiner prisen på Hordfast, som no er oppe i 43 milliardar kroner, taler til brumotstandarane sin fordel.

- Kostnadssprekken gjer ikkje prosjektet enklare å forsvara, sa stortingsrepresentanten.

- Bunden av vedtaket?

Egil Haugland ønskte å vita kor bunden Breivik kjente seg av vedtaket som Hordaland Venstre gjorde for fire år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nasjonal transportplan er rett rundt hjørnet. I den samanheng er det di oppgåve å målbera Hordaland Venstre sitt syn, sa Haugland og viste til at mykje har endra seg sidan den kalde februarhelga på Voss.

- Det er ikkje trong for stimuleringstiltak i det heile langs midtre trasé. Ein bør heller velja ein trasé der det er trong for utvikling, og der ein har areal til bustader og næring, meinte Haugland.

Breivik oppmoda osingane om å få i gang ein skikkeleg debatt om emnet i Hordaland Venstre. Han meinte òg det var viktig å prata med ulike parti på Stortinget. Rykkel på si side ville ha stortingsrepresentanten med på ein uttale om saka.

- Vi ønskjer å reversera vedtaket, sa Rykkel, og meinte at Breivik i så tilfelle er den beste kandidaten å ha med på laget.

Leiar for Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, Geir Mange Johnsen Moberg, var også til stades i møtet. Han fortalte at han sat på heilt nye tal som viser at for same pris som Hordfast, og med den same vegstandarden, kan ein byggja ut indre trasé.

- Då får ein hordalandsdiagonalen med på kjøpet. Skilnaden i reisetid er ti minutt. Byggjer vi bru, låser vi oss heilt, påpeika Moberg.

Tore Lyssand peika dessutan på at dersom ein byggjer ein godsterminal i Samnanger i tilknyting til indre trasé, kan ein få varer i frå skipstransport over på jernbane utan å ta turen innom "byn".

Stor gründerånd

I tillegg til diskusjonen kring NTP, fortalte Breivik om kva tiltak som er gjort, og kva tiltak som kan gjerast lokalt, for å stimulera til meir aktivitet i kjølvatnet av oljekrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Regjeringa og støttepartia har gjort det enklare å ta vidareutdanning. Vi ønskjer òg å stimulera til at folk bruker krisa til å prøva å starta for seg sjølv, sa Breivik.

Vidare viste nestleiaren i Venstre til Fornybar AS, eit nytt investeringsselskap som har som føremål å bidra til reduserte klimagassutslepp, og til kystvestlendingen, som ifølgje Breivik har eit fantastisk utgangspunkt, av di han etter alle solemerke er fødd med gründerånd.

- Eg har reist mykje rundt og vitja verksemder i leverandørindustrien. Verksemdene er inne i si verste krise ever, men klagar dei tilsette? Nei, dei gløder. Dei er berre opptekne av å fortelja om dei nye, spennande tinga dei held på med, sa Breivik.

- I mine øyrer høyrest dette ut som musikk, og eg kan musikk, sa Glenn Erik Haugland nøgd.