Massevaksinering: N/A

KKL: Anbefaler born og unge å ta juleferie frå organisert trening

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale kjem med eit velmeint råd vedrørande fritidsaktivitetar for born og unge.

KKL (Kommunal Kriseleiing) har i dag beslutta å innføra forsterka titak for barnehagar og skular i Bjørnafjorden:

Det opplyser kommunen på si heimeside i ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føresette får i dag informasjon om dette tilsendt frå sin barnehage eller skule i dag. Og tiltaka er som fylgjer:

* Når du leverer og hentar barn i barnehagen eller på skulen/SFO skal du nytta munnbind.

Dette er eit påbod etter lokal smittevernforskrift.

* Forsterka reinhald frå måndag 13. desember.

* Av omsyn til forsvarleg drift og sikkerheit, kan barnehagane og SFO ha redusert opningstid.

Dersom dette blir aktuelt, får du direkte beskjed om dette frå barnehagen eller skulen.

* For skulane: Ved stort fråvær blant tilsette og barn eller ved auka smitte, kan enkelte trinn gå over til digital heimeundervisning.

Dersom dette blir aktuelt, får du beskjed direkte frå skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du lesa den lokale smittevernforskrifta som gjeld frå i dag, 10. desember til 24. desember.

Du kan også lesa intervjuet med fagsjef for skule, Janne Eik, her.

Velmeint råd

Så er det spørsmålet om fritidsaktivitetar for born og unge.

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale meiner det er både viktig og sunt for born å vera aktive og delta i organiserte aktivitetar.

Han kjem likevel med eit velmeint råd.

— Med den smittesituasjonen vi ser no, vil eg likevel anbefala lag og organisasjonar å ta juleferie frå treningar og liknande for barn frå ulike klassar og skular no.