Gler seg: Ansvarleg badevakt Marko Milankovic gler seg til å få gjester i bassenget.

Klar for nyopning: Det er kanskje ikkje synleg, men det har skjedd mykje med denne symjehallen

– Med det løftet som no er gjort, er det å håpa at problema er løyst.

Eikelandsosen symjehall opnar for sesongen måndag 18. september etter ei større oppgradering av dei tekniske anlegga gjennom sommaren.

– Publikum vil kanskje ikkje merka så stor skilnad, sidan arbeida som er gjort gjeld dei tekniske anlegga gjestene ikkje ser. Målet er at utbetringane av energisystem, ventilasjon og vassbehandling skal gi lågare kostnader, ei meir stabil drift og mindre nedetid, fortel kultursjef Erik Vangsnes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det siste vil bli til stor glede for brukarane.

I mange år har det vore periodar med stenging grunna problem med dei tekniske anlegga.

– Med det løftet som no er gjort med tekniske oppgraderingar, er det å håpa at desse problema er løyst, seier Vangsnes.

Han opplyser at terapibadinga med høgare temperatur, er flytta frå fredagar til måndagar. Dette er gjort grunna endra rutinar i energihandteringa og for å spara straum.

Vangsnes håper likevel at mange finn vegen tilbake til den populære vassgymnastikken i symjehallen, som no vil bli på ettermiddagstid.