Kontroll: Tidleg fredag morgon var politiet på plass på Lepsøy for å kontrollera førarkort og sikt.

Klokka 06.15 stilte politiet seg opp på Lepsøy. To personar er meld etter kontrollen

Tidleg fredag morgon, kontrollerte politiet køyretøy på Lepsøy.

— Kring klokka 06.15 var patruljen på Lepsøy for å kontrollera førarkort og sikt. Der blei 77 kontrollerte, og to av dei blir meld for å ha køyrd med for dårleg og uforsvarleg sikt, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Vidare skriv Lyssand at to personar fekk ei åtvaring for ikkje å ha tilstrekkeleg sikt og fire personar fekk åtvaring då dei ikkje hadde med seg førarkort.