Gler seg: Ghadir Diab gler sleg til å opna den nye baren på gjestebryggja.

Klør etter å opna: — Me har staben klar. Me ventar berre på startsignal

Ghadir Diab og kompanjong Frank Bruarøy klør i fingrane etter å koma i gang.

I midten av januar vart det klart at dei to utelivsaktørane overtek lokala til Yolandi Carr og hennar «Yo´s by the river» som gjekk konkurs 11. januar. Duoen overtok leigeavtalen av lokalet frå og med 1. mars.

— Kor langt unna er de å opna?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Om serveringsløyvet for alkohol hadde vore på plass, hadde me vore i gang allereie, seier Ghadir Diab.

Han legg at det er vanleg å måtta søkja om nytt serveringsløyve etter ein konkurs.

— Kor lenge sidan er det de søkte?

— Eit par veker.

— Når trur de at de kan opna?

— No ligg ballen hos kommunen. Dei må handsama søknaden og gje oss svar. Me kan berre venta, seier Diab.

— Kor lenge er det til påske, tre veker? Eg håpar me kan opna innan den tid. Det må i alle fall vera målet vårt.

Nytt namn

34-åringen er klar på at heile staben som skal jobba på serveringsplassen er klare for innsats når startsignalet kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me har heile apparatet klart. Det einaste me manglar er namnet, ler han.

– Eg og Frank har ikkje heilt bestemt oss enno. Me er i tenkjeboksen, seier Diab.

— No har du snart tre «hestar». Kor mange skal du ri om gongen?

— Alle tre. Eg jobbar alltid. Eg elskar å jobba. Dagane blir nok fordelte mellom Ilya, Havnechefen og den nye plassen. Det blir berre kjekt, ler Diab.