Marie og Dieudonnee frå Kongo på ski for første gong.
Marie og Dieudonnee frå Kongo på ski for første gong.

Knall og fall og kvikklunsj

Då Fusa vidaregåande skule hadde skidag på Bygdastølen onsdag, inviterte dei like så godt med seg nyankomne flyktningar.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Å gå på ski for fyrste gong er alt anna enn lett. Likevel var det stor iver blant dei nyankomne flyktningane som onsdag vart invitert med på Fusa vidaregåande skules skidag.

Deler av skulen var på Bygdastølen ski- og tursenter i Hålandsdalen, og her fekk flyktningane prøva seg på langrennsski for første gang. Med nypreparerte løyper og flotte snøforhold på Bygdastølen kan det knapt vera ein betre regi for eit møte med norsk skikultur.

- Det vart sjølvsagt ein del knall og fall, men også mykje ekte skiglede, smiler kulturleiar Erik Vangsnes. Han fortel at ordet vanskeleg var det ordet ein høyrde mest denne dagen. Samstundes fekk fleire bra dreis på skigåinga.

Syriske Majsa var riktig flink på ski. (Alle
Syriske Majsa var riktig flink på ski. (Alle
Venene Ahmed, Marwan og Jacob frå Syria hadde naturleg nok heller aldri gått på ski før.
Venene Ahmed, Marwan og Jacob frå Syria hadde naturleg nok heller aldri gått på ski før.
Ibrahim Satouf var veldig ivrig på norske fjellski og syntest det var moro.
Ibrahim Satouf var veldig ivrig på norske fjellski og syntest det var moro.

Etter skiøkta var det samling i vintersola rundt bål, med varm drikke og nistepakke med kvikklunsj på lur.

- Eit flott initiativ frå Fusa vgs på ein overmåte fin vinterdag, seier Vangsnes.