Knuste ruter i Halhjemsmarka

Gjerningsmennene var vekke då politiet kom til staden, men etter søk vart ein ruspåverka person pågripen for hærverk.

Klokka 2.30 i natt fekk politiet melding om at to menn hadde gått laus på bustader i Halhjemsmarka. 

- Det var snakk om skadeverk både utvendig og innvendig på privat bustad, blant anna knusing av ruter, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Då politiet kom til staden var gjerningsmennene vekke, men politiet fekk gode skildringar av dei. Basert på dette vart det gjort søk, og den eine av gjerningsmennene vart pågripen.

- Er den medsamansvorne framleis på frifot?

- Me har fått opplysningar om kven det sannsynlegvis er. Kor mykje han har vore involvert, står att å sjå. Men me skal nok greia å få tak i han også. Det er ein person me har kjennskap til frå før, seier Dyrdal. 

Politiet startar med avhøyr av den arresterte så snart han er henta ut av varetekt.