Eit knust vindauge i Landboden kan tyda på innbrotsforsøk.
Eit knust vindauge i Landboden kan tyda på innbrotsforsøk.

Knuste vindauge på Osfest-kontor

I natt vart Osfest-kontoret i Landboden utsett for det som kan ha vore eit innbrotsforsøk.

Klokka 21.10 fredag kveld fekk politiet melding om at ei rute var knust i bygget Osfest framleis har ståande i Landboden-området.

– Det kan ha vore eit innbrotsforsøk, men sidan ingenting vart stole er det også mogleg at me berre snakkar om hærverk, seier vakthavande politibetjent ved Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikkontroll

Natt til laurdag - rundt kl 3 heldt politiet trafikkontroll i Lepsøyvegen. 14 bilar vart kontrollerte, men ingen var påverka av alkohol. Ein førar fekk merknad om at bilen ikkje var i god nok teknisk stand.