Kollisjon: N/A Foto: Colorbox

Kø over Vallaheiane etter trafikkuhell

Politiet ber trafikantar pårekne kø og stans i begge retningar.

Tre bilar var involvert i ein påkøyrsel bakfrå ved Spar-butikken på toppen av Vallaheiane litt etter kl 6.30 i dag tidleg.

Det melder politiet på Twitter.

To av bilane vart påført store materielle skader. Ein mann i 20-åra vart teken med til legevakt med smerter i nakken.

Politiet dirigerer manuelt på staden og bergingsbil er rekvirert.