Ein hjort vart påkøyrt på fylkesveg 48 i Fusa i dag tidleg.
Ein hjort vart påkøyrt på fylkesveg 48 i Fusa i dag tidleg.

Kolliderte med hjort

Ein hjort avgjekk med døden etter ein kollisjon med ein personbil på fylkesveg 48 ved Dale i Fusa i dag tidleg.

Litt før klokka 08.30 fekk politiet i Fusa melding om ein hjortepåkøyrsel ved Dale i Holmefjord. Medan hjorten måtte bøta med livet som følgje av samanstøyten, gjekk det ifølgje politiet bra med bilføraren.

– Føraren av bilen var litt rysta over hendinga, men vart sjekka av ambulansepersonell og friskmeldt på staden, opplyser politibetjent Anders Opsal ved Fusa lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Airbagane på bilen vart utløyste i samanstøyten. Dermed vart dei materielle skadane forholdsvis store.

– Trafikken vart dirigert på staden. Det var ingen trafikale problem som følgje av hendinga, seier Opsal.

Onsdag ettermiddag og kveld bles det kraftig både i Os og i Fusa. I Os var Hatvikvegen stengt ein periode av di eit stort tre hadde ramla over straumleidningane og vegen. I Fusa kan politiet opplysa om at det ikkje har vore nokon spesielle hendingar knytt til uvêret.

– Vi sat nesten og venta på ein telefon, men det har gått veldig bra, er meldinga frå politibetjenten.

camilla.kvamme@osogfusa.no