Fredag morgon var det kvitt på Kyrkjeflaten. Vonleg aukar temperaturen til 17. mai om fjorten dagar.

Kom mai du skjønne milde...

April baud på rekordvarme. No har kong vinter gjort comeback.

Å vakna til snø på 3. mai er det truleg berre brona som kan gle seg over.

For medan april baud på varme og lune sommardagar med is, badebasseng og pollen, har mai så langt vore det stikk motsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt den første dagen i den nye månaden var det ein merkbar nedgang i temperatur, og i natt gjorde altså kong vinter comeback med temperaturar heilt ned mot null.

Ifølgje yr.no kryp temperaturen opp i 8 gradar i løpet av dagen, men natt til lørdag går hanned i null igjen.

Fredag morgon melder nettstaden også om mykje snø og vanskelege køyreforhold både i Os og Fusa. Så køyr forsiktig!

Tulipanane er i full blom. Overlever dei kulden?

Påskeliljene hang med hovudet allereie, no har dei fått eit kaldt, kvitt pledd over seg i tillegg.

Kirsebærtreet fekk seg også ei overrasking natt til 3. mai.
Kirsebærtreet fekk seg også ei overrasking natt til 3. mai.
Fredag morgon var det kvitt på Kyrkjeflaten. Vonleg aukar temperaturen til 17. mai om fjorten dagar.
Fredag morgon var det kvitt på Kyrkjeflaten. Vonleg aukar temperaturen til 17. mai om fjorten dagar.

camilla.kvamme@osogfusa.no