Stoppa køyretøy: Patruljen stoppa ei kvinne i 40-åra torsdag. Årsaka var at ho køyrde på dårlege sommardekk på vinterføret.

Kom over eit køyretøy som var dårleg skodd på vinterføret

Det blei oppretta sak.

Rett før klokka 19 torsdag kveld, skal politiet ha kome over eit køyretøy som var dårleg skodd.

– Køyretøyet skal ha køyrd eit lengre strekk på dårlege sommardekk. Det blei oppretta sak på forholdet og gitt pålegg om ikkje å køyra vidare. Føraren var ei kvinne i 40-åra, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt tidlegare torsdag, kring klokka 17.30, kom det inn melding om eit trafikkuhell i området Hagavik, opplyser vaktahavande. Ein mann i 20-åra køyrde i autovernet.

– Patruljen melde om glatte forhold på staden. Det vart ellers meld om lettare personskade på førar, og materielle skader på køyretøy og autovern. Det blei oppretta sak, men ikkje gjort førarkortbeslag, skriv vakthavande.