Sterk lukt: Politiet opplyser om sterk hasjlukt på staden.

Mistenkjeleg lukt: Politiet kom over fire gutar i leikehytte

Foreldra blei kontakta.

Søndag ettermiddag trefte politiet fire ungdommar ved Os barneskule.

Dei fire gutane er alle i tenåra, opplyser politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Gutane var inne i ei leikehytte. Det lukta sterk hasjlukt då politiet kom til staden. Tre av gutane sine foreldre blei varsla, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det er ikkje oppretta sak. Lyssand skriv i ein e-post at alle vil bli følgt opp i det førebyggjande sporet.

— Politiet har kjennskap til gutane frå tidlegare, skriv Lyssand.