Arkiv)
Arkiv)

Kommune- og fylkestingsvalet 2019 er viktig for kampen mot bru over Bjørnafjorden

Det politiske landskapet er i endring og kvardagen for dei som argumenterer for ambisiøse og kostbare vegprosjekt er klårt blitt vanskelegare.

Knut Børgesen Egil H. Haugland

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Status 2019: Som del av ferjefri E39 er Hordfast over Bjørnafjorden framleis på planleggingsstadiet. Det er opplyst at det fram til no er nytta i overkant av éin milliard kroner til planlegging av strekninga Os-Stord. Like over sumarferien skal utvalde ingeniørfirma leggja fram alternative planar for flytebru over Bjørnafjorden med ende- eller sideforankring. Kommunedelplanen som staten har hatt ansvar for, er til handsaming i regjeringa. Neste steg vil vera utarbeiding av reguleringsplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet med ny Nasjonal Transportplan (NTP) er starta opp. Den skal leggjast fram og vedtakast i Stortinget våren 2021, - like før stortingsvalet same haust. Første del av gjeldande NTP går fram til og med 2023. I denne er det ikkje sett av investeringsmidlar til Hordfast. Det er heller ikkje gjort vedtak i Stortinget om delvis bompengefinansiering av Hordfast over Bjørnafjorden.

Fleire pågåande samferdsleprosjekt er blitt dyrare enn planlagt, og andre tek det lengre tid å fullføra. Rammene er generelt sett strammare enn tidlegare, og nye høgprioriterte oppgåver er komne til. Her er det nok å nemna erstatning av tapt fregatt, nytt regjeringskvartal og Nato sitt krav om at Noreg skal nytta to prosent av BNP til forsvarsføremål.

Det er sterkt aukande bompengemotstand blant folk, og fleire planlagde vegprosjekt er avvist eller lagde bort våren 2019. Samferdsleministeren seier at han ikkje vil fremja forslag til Stortinget om delvis bompengefinansiering dersom det ikkje er fleirtal for dette lokalt.

Det politiske landskapet er i endring og kvardagen for dei som argumenterer for ambisiøse og kostbare vegprosjekt er klårt blitt vanskelegare.

Bjørnafjorden kommunestyre 2019-23

I Os kommunestyre har det vore Framstegspartiet og Høgre som har arbeidd for Hordfast over Bjørnafjorden. I siste periode har desse partia hatt eit fleirtal på ei røyst i kommunestyret. Ein samla opposisjon meiner at Hordfast via Fusa må utgreiast nærare.

I Fusa kommunestyre har ikkje Hordfast vore spesifikt tema i siste valperiode. Det er likevel grunn til å rekna med at det er fleirtal i Fusa for at ferjefri E39 med fordel kan gå gjennom kommunen og bli knytt saman med ny stamveg frå Bergen til Seljestad (Hordalandsdiagonalen) med vidareføring til Austlandet med E134 over Haukeli.

Ei slik løysing vil ha som bonus at Fusa og Os blir knytte saman med riksveg.

Statens Vegvesen føreslår at arbeidet med reguleringsplan for Hordfast skal skje i kommunal regi. Viss dette blir tilfelle, får Bjørnafjorden kommunestyre ei viktig oppgåve. Kommunen blir ikkje lenger berre ein høyringsinstans, men skal gjera vedtak i reguleringssaka. Kva standpunkt fleirtalet i nye Bjørnafjorden kommunestyre har til Hordfast, vil difor spela ei større rolle i komande fireårsperiode enn tilfellet har vore i siste periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Standpunkt til delfinansiering med bompengar vil óg truleg koma opp til handsaming i komande periode. Kva Bjørnafjorden kommunestyret meiner, vil bli viktig, - jamfør kva vekt samferdsleministeren legg på lokale vedtak i slike saker.

Vestland fylkesting 2019-23

I sine innspel til pågåande arbeid med ny Nasjonal Transportplan har fylkestinga i både Hordaland og Sogn og Fjordane klårt prioritert rassikring og oppgradering av riks- og fylkesvegar til gul midtstripe. Det er rimeleg sikkert at dette standpunktet og vil stå sterkt i det nye Vestland fylkesting.

Kostnadene med ferjefri E39 vil måtte konkurrera med løyvingar til rassikring, ny bru til Sotra og bybaneutviding. I særleg grad vil oppgradert E16 og dobbelt jernbanespor mellom Bergen og Voss konkurrera med E39.

I ein slik samanheng blir det viktig at Hordfast framstår som nøktern mht til standard og økonomi. Ei klår tilråding frå Vestland fylkesting om å satsa på Hordfast via Fusa kan i denne samanhengen bli avgjerande viktig.

Oppsummert

Stortinget si handsaming og vedtak om Hordfast vil ganske sikkert koma til handsaming i neste stortingsperiode, - dvs etter 2021. Det blir svært viktig at det vert lagt eit politisk grunnlag lokalt og regionalt som flyttar fokus på Hordfast frå kryssing av Bjørnafjorden til eit meir nøkternt alternativ via Fusa.

Kommunevalet i nye Bjørnafjorden og fylkestingsvalet for nye Vestland er difor svært viktige for oss som kjempar mot ein firefelts motorveg over Bjørnafjorden.

Knut Børgesen

Egil H. Haugland

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden