Sidan 2016: Christian Fotland har vore rådmann og kommunedirektør i Os og Bjørnafjorden sidan 2016.

Kommunedirektøren søkjer nye utfordringar. Er innstilt til ny jobb

Alt tyder på at Christian Fotland er ferdig som kommunedirektør i Bjørnafjorden.

Dersom kommunestyret i Alver 28. september vedtar innstillinga frå formannskapet, sluttar Fotland i Bjørnafjorden kommune ved nyttår. Han har vore rådmann og kommunedirektør i Os og Bjørnafjorden sidan 2016.

Han er innstilt til stillinga som kommunedirektør i Alver kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Trine Lindborg vil starte prosessen med å tilsetja ny kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune.

– Eg synest det er leit at alt tyder på at Christian Fotland ikkje blir verande i Bjørnafjorden kommune. Christian har vore ein trygg, god leiar som vi i det politiske miljøet har hatt stor tillit til og respekt for, seier Lindborg.