Fleire endringar: Bjørnafjorden kommune har fredag vedtatt å vidareføre den lokale smittevernforskrifta, men med fleire endringar.

Vidarefører tiltak, men med fleire endringar - sjå lista

Sjå lista over endringar i tiltaka frå kommunen - med verknad frå måndag.

Bjørnafjorden kommune har i dag vedteke å vidareføra den lokale smittevernforskrifta, men med fleire endringar.

Det skriv kommunen på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom anna aukar talet på personar som kan vere samla til private samlingar i heimen frå 5 til 10 personar. Treningssenter og symjehallar kan opna for individuell trening og skjenketida for restaurantar aukar med éin time.

– Tiltaka dei siste vekene har vore effektive fordi folk har vore veldig flinke til å følgje dei strenge reglane. Eg vil takke alle bjørnafjordingar for at dei tar ansvar for å hindre smitte. Vi ser at smittetalet i regionen er på veg ned, og det gir håp om ei meir normal julefeiring. Men det føreset at vi held oss til reglane i nokre veker til, seier ordførar Trine Lindborg.

Takkar folket: — Eg vil takke alle bjørnafjordingar for at dei tar ansvar for å hindre smitte, seier ordførar Trine Lindborg.

Endringane gjeld frå og med måndag 7. desember. Til og med 6. desember, gjeld denne versjonen av forskrifta.

Må unngå smitteauke i jula

– Dagens situasjon med relativt låge smittetal er skjør. Dersom vi slepp opp no, kan vi risikere at smitten aukar i sjølve julehøgtida. Det er ein situasjon vi alle vil unngå.

— Det er svært viktig at vi ikkje seinkar skuldrene heilt enno, sjølv om vi alle saman klør etter å vere sosiale og gjere alt vi brukar å gjere når det nærmar seg jul. Vi må unngå å ha for mange nærkontaktar ei stund til. Berre slik kan vi unngå ein ny smittebølgje og nye restriksjonar på lengre sikt, seier Lindborg.

Tiltaka vil bli vurderte på nytt om ei veke. Forskrifta vil først vere klar søndag 5. desember, men endringane er klare no:

Dette er endringane i smittevernreglane frå 7. desember:

Talet på personar som kan samlast i heimen aukar frå fem til 10. Gjester og husstandsmedlemmer må halde 1 meters avstand.

På innandørsarrangement er det lov med inntil 50 personar med faste sitteplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

På private innandørs arrangement er grensa framleis 20.

Idrettshallar, svømmehallar og treningssenter kan halde ope for individuell trening. Gruppetrening vil framleis ikkje vere tillate dei neste to vekene.

Bingohallar, bibliotek og liknande som har halde stengt, kan no opna, under føresetnad av at det ikkje er fleire til stades enn at det er mogleg å halde 2 meters avstand.

Skjenkestader og serveringsstader får utvida opningstid til klokka 23.

Servering av alkohol utvidast med ein time, til klokka 22.30. Dette gjeld òg kulturarrangement.

Kulturarrangement med førehandsselde billettar vil kunne spele ferdig framsyninga som planlagt.

Vidaregåande skular vil ikkje lenger vere pålagt raudt nivå. Det blir opp til Vestland fylkeskommune eller den enkelte skuleeigar å vurdere.

Meir informasjon om besøksrutinar ved sjukeheimar kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei andre tiltaka i eksisterande smittevernforskrift, som ikkje er nemnde over, vil bli vidareførte. Dette inkluderer mellom anna påbod om heimekontor og bruk av munnbind når det er fare for at avstandskravet ikkje kan overhaldast.

Her kan du lesa gjeldande smittevernforskrift.