Viktig: Ordføraren meiner det er viktig at kommunen støttar denne saka og samstundes viser ungdommane at ein anerkjenner deira innsats.

Kommunen gjev 25.000 kroner til kreftaksjonen

– Eg er veldig glad og takksam for at eit samrøystes formannskap slutta seg til å fatta dette vedtaket.

Det seier ordførar Trine Lindborg.

Ho sende denne mailen ut til alle formannskapets medlemer fredag om saka som skulle vore handsama i formannskapsmøtet 17. mars, eit møte som per no er utsett inntil vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

«I det no utsette formannskapsmøte ønskjer eg tilslutning til at vi kan gjera vedtak om å støtta Krafttak mot kreft 2020 med 1 kr per innbyggjar, totalt kroner 25000. Pengane vert henta frå formannskapets disposisjonsfond».

Lindborg peikar på at russen kvart år gjer ein flott jobb med å støtta denne aksjonen og dei går med bøsser. Ordføraren meiner det er viktig at kommunen støttar denne saka og samstundes viser ungdommane at ein anerkjenner deira innsats.

– I år er det i tillegg ein spesiell situasjon for denne aksjonen då det ikkje vert mogleg å gå rundt med bøsser, seier Lindborg og held fram:

– Eg er veldig glad og takksam for at eit samrøystes formannskap slutta seg til å fatta vedtak i denne saka per e-post. Aksjonen Krafttak mot kreft pågår no, og det var viktig at vi fekk fatta dette vedtaket i den forbindelse, seier Lindborg.

Ho meiner det er viktig, i ei tid som vi no står i, å visa solidaritet og handling.

– Med dette positive vedtaket med å bidra med kr 25000 håper eg vi hjelper årets russekull med å få ekstra merksemd på deira flotte frivillige arbeid med Krafttak for kreft, og at vi bidreg til å blåsa endå meir liv i den digitale innsamlinga sidan bøsseaksjonen blei avlyst. Det er også viktig å visa ungdommane våre at vi set stor pris på deira frivillige engasjement for denne viktige saka. Vi skal også tenkja på at dei som er under kreftbehandling eller lever med kreft er ei ekstra sårbar gruppe i forhold til å bli eksponert for koronasmitte.