Kommunen er i ferd med å utarbeide ein kommunedelplan for klima, energi og miljø, og det er desse tre temaa som skal koma fram i bileta som deltek i konkurransen.
Kommunen er i ferd med å utarbeide ein kommunedelplan for klima, energi og miljø, og det er desse tre temaa som skal koma fram i bileta som deltek i konkurransen.

Kommunen inviterer til stor biletkonkurranse

Os kommune inviterer alle osingar og besøkande til fotokonkurransen «KLEMOS» i sommar.

Konkurransen startar laurdag og vert avslutta søndag 2.september. Publisering av vinnarane vert i veke 37.

- Kommunen er i ferd med å utarbeide ein kommunedelplan for klima, energi og miljø, og det er desse tre temaa som skal koma fram i bileta som deltek i konkurransen, forklarer Arne-Richard Staddas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bileta som vert sende inn til kommunen vert vurderte etter aktualitet (kor godt dei treffer eitt av desse tre temaa), komposisjon, teknisk kvalitet og den berømmelege X-faktoren.

- Det er altså høve til å nytta humor, dramatikk og andre verkemiddel i fotografiet. Hugs på at i sjølv det mest daglegdagse kan det liggja stor kunst, så lad opp mobilen og knips i vei, er oppmodinga frå Stadaas.

Fotokonkurransen vil foregå ved at fotografen sjølv legg bileta sine ut på Instagram og/eller Facebook. Emneknaggen på Instagram er KLEMOS.

Om ein ikkje er heilt stø i dette, så sender ein bileta sine inn til kommunen, opplyser Stadaas og legg til at Os kommune må krevja bruksrett til dei bileta som skal nyttast i KLEM-planen, men fotografen vert sjølvsagt nemnt under kvart einskild bilete. Totalt vert 19 bilete premierte.

jostein@osogfusa.no