Blir det endeleg litt tryggare for skuleborna som må gå langs Hatvikvegen?
Blir det endeleg litt tryggare for skuleborna som må gå langs Hatvikvegen?

Kommunen jobbar med å få fortau langs Hatvikvegen

I dagens møte i PBU orienterte kommunalsjef Aina Tjosås om at kommunen undersøkjer om det er råd å etablera eit forenkla fortau frå Hauge til Klyva.

I august fekk Os og Fusa kommunarfire mill. kroner til infrastrukturtiltak i dei to kommunane. 1,5 mill. kroner av dette vart i fellesnemnda sitt møte avsett til opparbeiding av gangveg/tursti frå krysset Hauge/FV 137 til bussstoppet ved Bøvegen, samt utbetring av undergang under FV 552.

Forenkla fortau?

I dagens møte i plan- og bygningsutvalet fortalte Aina Tjosås at planane her er komne eit steg vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No undersøkjer me om det er råd å få byggja eit forenkla fortau, 2,5 meter breitt, frå Hauge til Klyva? sa Aina Tjosås. Klyva ligg om lag der Hatvikvegen tek av ned til Bjånes.

Vona er at ein forenkla variant ikkje vil krevja ny regulering, og at ein difor kan gå i gang så fort dei naudsynte avtalar er på plass.

– Me må ta ein runde med Vegvesenet og med grunneigarane om dette. Me har sett på kartet og funne at det er mogleg å gjera litt enkelt, utan å leggja om på vegar i området, men kanskje berre ved å flytta om litt på nokre murar, sa Tjosås. Me prøvar å koma eit steg vidare på dette no.