Registrering: For å få oversikt over kven som kan bidra til ulike oppgåver framover, vert innbyggjarar no bedne om å registrera kompetansen sin.

Kommunen kan trengja hjelp. No bed dei innbyggjarar registrera seg

– Vi må planleggja for noko vi enno ikkje veit korleis blir.

Det skriv kommunen på sine heimesider.

Eitt av tiltaka som er sett i verk, er ein bemanningssentral, i tilfelle stort sjukefråvær. For å få så god oversikt som mogleg over kven som kan bidra til ulike oppgåver framover, vert innbyggjarar no bedne om å registrera kompetansen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsepersonell, reinhaldar, IT-kunnig, kokk eller andre praktiske ferdigheiter er mellom kompetansane kommunen etterspør.

– Anten du har utdanning eller praktisk erfaring som kan koma til nytte, vil vi gjerne at du registrerer deg. Du forpliktar deg ikkje på nokon måte, men vi vil gjerne vita kva du kan, og at vi kan ta kontakt viss det trengst, opplyser kommunen.

– Eg veit at mange ønskjer å stilla opp. Det er heilt fantastisk og ein stor styrke for lokalsamfunnet vårt. Det er ei stor glede for meg som ordførar å sjå at så mange vil ta dette samfunnsansvaret, kommenterer ordførar Trine Lindborg.