Under dagens møte vart det fortalt om prosessen med å finna namn på nye kommunen.
Under dagens møte vart det fortalt om prosessen med å finna namn på nye kommunen.

Kommunenamnet: Kome inn 240 forslag

Under felles kommunestyremøte i dag fortalde ordførar Marie Bruarøy om nokre av dei kreative namneforslaga som så langt er komne inn.

Ordførar Marie Bruarøy fortalde at av dei så langt 240 innkomne innspela er variantar av Bjørnefjorden kommune ein gjengangar. Midthordland kommune er ein annan vanleg variant, medan Os og Fusa kommune også er ønskt av fleire.

– Dei fleste namneforslaga er gode og relevante, men det er også nokre meir kreative, sa Bruarøy, og nemnde Dennis kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre av forslaga kan me nok ganske kjapt leggja vekk, kommenterte Bruarøy.

Solstrandvik kommune?

Politikarane tok også ein runde seg i mellom med idémyldring knytt til namneforslag.

– Eg møtte ein kar som peikte på at me trass alt har Solstrand i vår kommune. Kvifor ikkje kalla det Solstrand kommune? Og slår me det i hop med Strandvik i Fusa, kan me få Solstrandvik kommune, skjemta ordføraren.

Eit anna vittig benkeforslag var Bjørnatrynet kommune, medan Glenn Erik Haugland sa: «Bjørnafjorden kommune med a, men utan bru», kor på ordføraren raskt kom med motforslaget Brufjord kommune.

Etter dei humoristiske forslaga var lagt til sides, fekk dei ulike borda – sett saman av politikarar frå heile spekteret – i oppgåve å einast om eitt forslag. Dei viste seg å vera ganske samstemte om Bjørnefjorden/Bjørnafjorden medan Midthordland også vart nemnt.

Bad om endå fleire forslag

Det er framleis nokre dagar att (sundag 18. juni) før siste frist for å koma inn med forslag til namn på den nye samanslåtte kommunen. Vel å merkadersom ein leverer forslaget digitalt, og ikkje på papir – slik det også er høve til. Det må gjerast i resepsjonen på kommunetorget seinast fredag.

– Namnet på den nye kommunen er noko me raskt bør få på plass. Då blir det lettare å snakka om oss, og ikkje osingar og fusingar, sa Marie Bruarøy.

24. august vert namnet vedteke.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no