Anbefaling: Kommuneoverlege Klaus Melf understrekar at jodtablettar berre skal takast dersom styresmaktene anbefaler det.

Kommuneoverlegen kjem med råd om bruk av jodtablettar

Anbefaler at barnefamiliar har det heime i tilfelle det skulle oppstå ei uønskt hending nær oss.

– Det er ikkje aktuelt med jodtablettar i samband med krigen i Ukraina og eit eventuelt utslepp frå atomkraftverka der. Vi anbefaler likevel at barnefamiliar har det heime i tilfelle det skulle oppstå ei uønskt hending nær oss, seier kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding.

Han påpeikar at jodtablettar berre hjelper mot radioaktivt jod – ikkje andre radioaktive stoff.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ukraina er langt vekke. Sjølv om vinden bles mot Noreg, vil det ta lang tid før eit eventuelt utslepp når oss, og det vil bli kraftig fortynna på vegen. Konsentrasjonen av radioaktivt jod som eventuelt når oss, vil difor bli låg, forklarer kommuneoverlegen.

Han legg til at det som kan skje, er at norske næringsmiddel kan bli forureina, på same måte som etter ulukka i Tsjernobyl i 1986.

– Det kan difor bli aktuelt med tiltak innan matproduksjon og utmarksbruk for å redusera konsekvensane av eit radioaktivt nedfall.

Ei hending nær oss

Dersom det derimot skulle skje eit uhell eller ulukke på t.d. Haakonsvern eller på veg til og frå med dei reaktordrive fartøy som legg til der, kan det bli eit radioaktivt utslepp som rammar Bjørnafjorden kommune.

– Då kan det koma råd om å ta jodtablettar, påpeikar kommuneoverlegen.

Radioaktivt jod kan føra til auka fare for å utvikla kreft i skjoldbruskkjertelen. Barn og unge under 18 år, gravide og ammande har høg aktivitet i skjoldbruskkjertelen, og har difor størst risiko for å få kreft der.

– Det er difor dei som blir anbefalt å ta jodtablettar, når det er fare for at dei kan bli utsett for radioaktivt jod, seier Melf.

Folk over 40 år har svært liten risiko for opptak av radioaktivt jod. Jodtablettar gir difor ingen reduksjon i risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen for dei over 40.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I heilt spesielle situasjonar, ved eit stort utslepp frå ei kjelde i Noreg, med høg eksponering for radioaktivt jod, kan det vera aktuelt med jodtablettar til vaksne i alderen 18-40 år. Dette kjem styresmaktene i så fall til å gi råd om, presiserer Melf.

Kor raskt må ein ta jodtablettar?

Jodtablettar blokkerer opptak av radioaktiv jod i skjoldbruskkjertelen, og har verknad innan to timar.

– Å gi jodtablettar er eit hastetiltak som vi har avgrensa tid på å setja i verk, understrekar kommuneoverlegen og utdjupar:

– Ved å ta jodtablettar rett etter eksponering av radioaktivt jod, kan ein oppnå eit opptaksvern på 95-98 %. Jodtablettar tatt 24 timar før eksponering gir ca. 70 % opptaksvern, medan jodtablettar 24 timar etter eksponering ikkje gir vern i det heile. Det er difor barnefamiliar, gravide og ammande blir anbefalt å kjøpa jodtablettar på apotek og oppbevara dei i heimen.

Kommunen opplyser at dei oppbevarer jodtablettar i barnehagar, på skular, helsestasjonar og legevaktstasjonar, for å kunna dela dei ut til målgruppa raskt. Dersom det skjer ei atomhending på dagtid (i barnehage-/skuletid), der det blir gitt råd om bruk av jodtablettar, kjem kommunal kriseleiing til å be barnehagar og skular om å dela ut jodtablettar til barn og unge.

– I ein slik situasjon vil alle barn få jodtablettar, med mindre foreldra har reservert seg mot det, seier Melf i pressemeldinga.

Han understrekar at det ikkje er nokon akutt fare om ein ikkje tar jodtablettar – dei er for å førebygga eventuelle seinverknader. Inntak av jodtablettar er difor frivillig.