Statens vegvesen)
Statens vegvesen)

Kommunestyret gjekk inn for senketunell

Os kommunestyre ber om at ein i det vidare planarbeidet for E39 går vidare med alternativa som inneheld senketunnel under Søre Øyane.

Os kommunestyre handsama i går utkast til Planprogram E39 Stord-Os, og høyringsbrevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her vart innstillinga frå formannskapet vedteke med 27 røyster (13 Frp, 6 H, 6 Ap, 2 KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ville ha omkamp

Venstre ville ha omkamp om indre trasé. Men partiets forslag om å greia ut indre trasé på nytt fekk 11 røyster (4 Ap, 4 TvS, 2 Venstre, 1 Sp) og fall.

KrF ville ha med tillegg om at dersom det i det vidare planleggingsarbeidet dukkar opp vesentlege økonomiske eller tekniske problem med ferjefri fjordkryssing, må trasévalet (midtre eller indre) opp på nytt. Dette tillegget fekk 6 røyster (2 KrF, 4 TvS) og fall.

Innstillinga

I innstillinga frå formannskapet heitte det at Os kommunestyre tidlegare har slått fast at kommunen ikkje kan akseptera ilandføring av bru over Bjørnafjorden basert på dagløysing med bruer inn over skjergarden i Søre Øyane. Dette området har store regionale natur-, frilufts- og kulturminneverdiar.

Os kommunestyre er difor nøgd med at Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet i høyringsbrevet vurdere dette alternativet som lite sannsynleg.

To reelle alternativ

I høyringssvaret bed kommunestyret altså om at ein i det vidare planarbeidet går vidare med alternativa som inneheld senketunnel under Søre Øyane.

I tillegg ber Os kommunestyre om at ein tek inn alt. C med ilandføring i Bjørnatrynet i det vidare planarbeidet, slik at planprosessen kan sluttførast med to reelle alternativ.

- Det maritime teknologimiljøet på Vestlandet, t.d. representert v/ LMG Marin, held fram at dette er eit reelt alternativ med enklare og rimelegare teknologiske løysingar enn neddykking i senketunnel. Dette alternativet bør såleis utgreiast vidare i arbeidet med sjølve kommunedelplanen, vert det påpeika.

Særlege omsyn

Kommunestyret legg vidare til grunn at ein i planleggings- og prosjekteringsarbeidet tar særlege omsyn til dei regionale frilufts- og naturverdiane på begge sider av Bjørnafjorden. Dette gjeld særskilt for utforming av kunstig øy/senketunnel i Søre Øyane og eventuell ilandføring i Bjørnatrynet.