Utsette: Konfirmasjonsgudstenestene som er sett opp i mai er førebels utsette til hausten.

Konfirmasjonsgudstenestene er utsette

Os sokn har hatt møte om vårens konfirmasjonar.

Konfirmasjonsgudstenestene som er sett opp i mai er førebels utsette til hausten.

Den førebelse planen er å gjennomføra konfirmasjon dei to fyrste helgene i september. Men det vert teke atterhald om at ein må venta på endeleg avgjerd i kirkerådet om kva helg ein vil tillata samling til konfirmasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil sjølvsagt senda ut melding med stadfesting av dato så snart dette er avgjort, opplyser kyrkja som no jobbar med å leggja ein plan for korleis kyrkja kan møta konfirmantane før konfirmasjonsgudstenestene.

– Vi vil halda kontakt med konfirmantane på e-post framover og vårt mål er at alle vår flotte konfirmantar skal få ein fin konfirmasjonsdag.

Sånn det ser ut no, må også påskegudstenestene rundt omkring i landet truleg føregå over nett, TV og radio.

Vigslar kan framleis finna stad, men det er avhengig av dei gjeldande smittevernreglane.