For dårleg vêr: – Logistikken går diverre ikkje opp i år, skriv Stiftinga Tysnesfest i ei pressemelding.

Konserten med Odd Nordstoga på Tysnessåto er avlyst

Utfordrande siktforhold i fjellet gjer at den tradisjonsrike Såtokonserten på Tysnesfest må avlysast.

– Grunna tryggleik får helikopteret me er avhengige av for å transportera utstyr og artist korkje letta frå Sauda eller landa på Tysnessåto. Sjølv om vêrmeldingane ser gode ut seinare i dag, må tryggleiken alltid koma først. Logistikken går ikkje opp i år, skriv Stiftinga Tysnesfest i ei pressemelding.

Den varsla publikumsrekorden på Tysnessåto må med andre ord utsetjast eitt år, går det fram av pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får oppleva Odd Nordstoga likevel

Trass avlysing av konserten på Tysnessåto, kan publikum likevel få oppleva Odd Nordstoga på Tysnes i dag.

– Eg gledde meg veldig til ein tur i fjellet, seier Odd Nordstoga i pressemeldinga.

Han viser til at fjellskoa var på, og trekkspelet i sekken.

– Men vêret kan ein jo ikkje gjera noko med. Eg tek gjerne turen til Tysnessåto ein annan gong, med eller utan helikopter. Helst med helikopter då, seier artisten og legg til at han får blåsa litt ekstra hardt i belgen på konserten i kveld i staden.