(Arkiv
(Arkiv

Kontroll av ulovleg opphald

Saman med Bergen utlendingsenhet vitja politiet bedrifter, utsalsstader og privatadresser for kontroll av ulovleg opphald.

- Me oppsøkte seks stader, både bedrifter og privatadresser. Ti personar vart kontrollerte, og alt var ok. Me avdekte ikkje noko ulovleg. Me kjem til å følgja opp med yttarlege kontrollar, då alle ikkje var tilstades, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Trafikkontroll

I går føremiddag hadde politiet kontroll saman med Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var med i ein time. Statens vegvesen heldt på lengre. I løpet av timen var det skrive to forenkla førelegg for mobiltelefon-bruk. Det vart også gjeve nokre munnlege åtvaringar om lys og teknisk stand på bilane, seier Hadler-Olsen.

- Kva tenkjer du om at folk åtvarar andre bilistar om politikontrollar ved hjelp av sosiale medium?

- Det vil eg ikkje kommentera, seier Hadler-Olsen.