Vinterutrustning: — Vi har no komne inn i perioden for vinterutrustning på køyretøya.

Kontroll for andre dag på rad: Sjekkar om trafikantane er skodde for vinteren

Statens vegvesen fann litt av kvart å plukka på.

Tysdag gjennomførte Statens vegvesen, for andre dag på rad, ein kontroll på kontrollplassen ved Svegatjørn.

I motsetnad til måndagen, var det denne dagen kontroll av både lette og tunge køyretøy. Og hovudfokuset var på teknisk, vekt, dekk, kjetting, dokument og køyre- og kviletid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt vart 58 køyretøy sjekka.

Det vart gitt til saman fem bruksforbod:

– To lette motorsyklar fekk bruksforbod grunna støy. Dei hadde ikkje montert såkalla DB Killer.

– Eitt køyretøy fekk bruksforbod for ikkje å ha merka utstikkande last. Noko som måtte ordnast før vidare køyring.

– Eitt køyretøy fekk bruksforbod for ikkje å ha hatt med leasingavtale som forbinder bilen med løyve.

— Eitt køyretøy fekk bruksforbod for ikkje å ha drege ut underkøyringshinder (hindrar at mindre bilar set seg fast under lastebil eller tilhengjar ved ein eventuell kollisjon).

Lause boltar og for mange lys

Eitt køyretøy fekk teknisk mangel på lause boltar i svingkrans på tilhengjar.

Eitt køyretøy fekk teknisk mangel for feil med parkeringslys (for mange lys).

Artikkelen held fram under annonsen.

To lette motorsyklar fekk teknisk mangel på spegel og støy, og må visa syklane hos Statens vegvesen.

Til saman 46 køyretøy fekk kontrollert dekk og kjetting. Det vart delt ut gebyr på til saman på fire dekk, á kr 2.000, som hadde mindre enn 5 mm mønsterdjupne.

Det vart også skrive ut eit kjettinggebyr på kr 1.200.

Ein førar fekk kr 500 i gebyr for ikkje å hatt med seg førarkort.

Lovar fokus gjennom vinteren

— Vi har no komne inn i perioden for vinterutrustning på køyretøya, skriv John Kåre Larsen i Statens vegvesen som minner om følgjande datoar:

— For køyretøy over 3.500 kg er det 1. november som gjeld. Her er det krav til 5 mm mønsterdjupne på dekk, og kjettingar skal vera med.

Frå og med 15. november er det krav til 3 peak snow flake vinterdekk merking, på framre styrande hjul og alle drivaksler. Resterende aksler skal vera merkte med M+S. Tilhengarar skal vera merkte med M+S.

Han lovar at vegvesenet kjem til å kontrollera dette gjennom vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle køyretøy som var innom kontrollplassen, vart slått opp i SVVs kontrollsystem for å sjekka periodisk kontroll og forsikring.

.