Brannvesenet fekk raskt kontroll på situasjonen i Hegglandsdalsvegen i ettermiddag.
Brannvesenet fekk raskt kontroll på situasjonen i Hegglandsdalsvegen i ettermiddag.

Kontroll på skorsteinsbrann

Litt før klokka 18 rykte brannvesenet i Os ut til ein pipebrann i Hegglandsdalsvegen.

– Det var ein del glør i pipa, men vi har kontroll på situasjonen og returnerer til Moberg om kort tid, opplyser varabrannsjef i Os, Arne Monsen klokka halv sju.

Like før klokka 18 kunne operasjonssentralen i Hordaland opplysa om at brannvesenet i Os hadde rykt ut til ein skorsteinsbrann i Hegglandsdalsvegen. Årsaka til brannen var truleg den sterke vinden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det bles veldig mykje i dag, så det vart ekstra god trekk. Men vi har feid ned skorsteinen og alt skal no vera i orden, seier Monsen.

Ifølgje varabrannsjefen var det aldri nokon fare for at brannen skulle utvikla seg.

– Det var heldigvis ein rehabilitert, ny skorstein. Han var i brannteknisk god stand, opplyser han.

camilla.kvamme@osogfusa.no