Politi: To av bilane som vart kontrollerte tysdag kveld, var begjært avskilta.

Gjekk klar avskilting i siste liten

Verre gjekk det for bilføraren på Lyseklostervegen.

Like før midnatt tysdag kveld, kontrollerte Os-politiet ein bil og fann at denne var begjært avskilta. Årsaka var «ikkje betalt omregistrering».

Føraren ordna dette på staden, og fekk deretter køyra vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit par timar tidlegare, klokka 21.55, kontrollerte politiet eit køyretøy på Lyseklostervegen.

I tillegg til at det var bruksforbod på bilen, hadde ikkje føraren, (mann f. 1977) førarkort.

Bilskilta vart beslaglagt og politiet oppretta sak på køyring utan gyldig førarkort.