Tiltak: Forskrifta vil først vera klar seint i ettermiddag eller i kveld. Dette skal vera tiltaka som blir sett i verk i Bjørnafjorden.

Koronaviruset: Her er grepa kommunen tek for å bremsa utviklinga

Bjørnafjorden vil følgja Bergen kommune sine tiltak så langt det er råd.

Tidlegare i dag blei det klart kva tiltak Bergen kommune tek for å bremsa smitta. Berre det siste døgnet blei det stadfesta 103 nye smittetilfelle i nabokommunen til Bjørnafjorden. Ordførar Trine Lindborg seier at kommunen vil følgja Bergen så tett som råd. Det gjer samstundes alle dei andre omegnskommunane.

— Det som gjeld i Bergen, vil gjelda hos oss også — men gjerne med nokre små justeringar. Nett korleis det blir, veit vi ikkje før forskrifta er klar seinare i dag, seier Lindborg og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nokre av tiltaka kan verka overveldande i forhold til vår situasjon, men når det er 103 smitta i Bergen det siste døgnet, så er det berre eit tidsspørsmål før vi blir hardare råka også. Omegnskommunane ønskjer å leggja oss så tett som overhovudet mogleg til Bergen, og til kvarandre, slik at ikkje innbyggjarane reiser frå ein kommune til ein annan for å gjennomføra noko ein ikkje har lov til i heimkommunen sin. Det har vi sett eksempel på tidlegare i pandemien. Det er noko vi ikkje ønskjer.

Det skal vera fleire ulike møte utover dagen. Kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune skal ha eit møte, før det seint i ettermiddag er formannskapsmøte. Etter dette vil forskrifta vera klar.

- Ver saman med så få som mogleg

- Vi må redusera talet på møtepunkt og talet på folk på desse møtepunkta, understrekar Lindborg.

- Dette er tøffe tiltak som grip kraftig inn i kvardagen vår. Men smittetrykket er svært høgt i vår region, og Bergen kommune melder om stadig fleire smittetilfelle utan kjent smitteveg. Det betyr at det berre vil vera eit tidsspørsmål før vi kan venta det same i vår kommune. Vi kan ikkje sitja og sjå på at det skjer. Difor innfører vi desse tiltaka, for å hindre ei slik dramatisk utvikling i Bjørnafjorden. Vi gjer dette for å skjerma eldre, sårbare grupper og helsevesenet vårt, seier Lindborg.

Restriksjonane som følgjer gjeld for Bergen kommune, og er henta frå Bergen kommune si heimeside. Bjørnafjorden vil som nemnd leggja seg tett til desse, om ikkje kopiera dei heilt.

* Talet som kan delta på private samankomstar blir redusert frå ti til fem personar inklusiv dei som bur i husstanden. Unnatak for familiar som bur fleire saman enn fem, samt unnatak for kohortar for barn i barnehage og barneskule. I familiar med delt samvær vil det vera bornas beste som gjeld.

* Arrangement på offentleg stad skal ha faste sitjeplassar og det er ikkje lov med fleire enn 20 deltakar til stades. Dette gjeld både private og offentlege arrangement på offentleg stad. Gravferder er unnateke denne regelen. Der kan ein vera inntil 50 personar. Arrangement utan fast sitjeplass er det forbod mot.

* Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år er det forbod mot.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Treningssenter, idrettshallar, svømmehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal haldast stengde. Avgjerda omfattar ikkje individuell fysikalsk trening. Avgjerda for idrettshaller og svømmehallar gjeld heller ikkje for organisert trening for born og unge eller undervisning til born og unge under 20 år.

* Treningar for born og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kampar, cupar, turneringar og liknande er ikkje tillete.

* Bingohallar, museum og liknande tilbod skal halda stengt.

* Bibliotek skal stengjast for aktivitetar og opphald, men det blir tilgjenge til utlån og innlevering.

* Butikkar, kjøpesenter og liknande må sørgja for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det kan haldast to meters avstand. Tillate tal på kundar i lokalet vert rekna ut frå storleiken på lokalet. Det skal om nødvendig vera vakthald som sørgjer for at kravet vert etterfølgd.

* Når det gjeld munnbind, så vert kravet vidareførd om bruk av munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad (butikkar, kjøpesentera mv.), der regelen om éin meters avstand ikkje kan overhaldast. I tillegg vil det bli påbod med munnbind både for sjåfør og passasjerar i taxi.

* På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på éin meter ikkje kan overhaldast.

* Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal stengja seinast kl. 22.00, og skjenking stoppar frå kl. 21.30. Vedtaket gjeld ikkje takeaway-stader.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Krav om heimekontor for alle som kan ha heimekontor.

* Besøksrestriksjonar på kommunale helseinstitusjonar og institusjonar kommunen har avtale med, blir vidareført.

* Raudt nivå og heimeskule på vidaregåande skular. Om skulane har kapasitet til det, og elevane kan ha ein meters avstand, så må ein ikkje ha heimeskule.

Forskrifta vil gjelda frå laurdag 7. november. I første omgang vil forskrifta gjelda til måndag 23. november.