Råd: - Vi ber om at personalet på alle våre skular og barnehagar vert gjort kjent med rutinane, skriv kommunedirektør Christian Fotland.

Koronaviruset: Her er kommunens råd til barnehagar og skular

Bjørnafjorden kommune følgjer råd frå nasjonale styresmakter om koronavirus, og det betyr at barnehagar og skular skal haldast opne.

Bjørnafjorden kommuen og kommunedirektør Christian Fotland går ut med korona-råd til barnehagar og skular i Bjørnafjorden kommune

– Bjørnafjorden kommune har avtale med Bergen kommune og vi bruker dei same råda og rutinane til barnehagar og skular for å handtera situasjonen med koronavirus. Vi ber om at personalet på alle våre skular og barnehagar vert gjort kjent med rutinane, skriv Fotland i ein epost til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er råda frå kommunen:

• Snakk med borna om sjukdomen og god hygiene

• Mange born kan bli redde når dei høyrer om koronavirus, og det er viktig at borna får faktabasert kunnskap om sjukdomen. I informasjonen til borna kan det framhevast at dei aller fleste som blir smitta av koronavirus ikkje blir alvorleg sjuke.

• Gi borna informasjon om god håndhygiene. Minn særleg borna om at dei må vaska hendene før dei et og at dei bør unngå å ta seg til munnen, nasen og augene med uvaska hender når du er ute blant folk. Husk at også mobiltelefonen kan vera ei smittekjelde.

• Minn borna på at dei må hosta eller nysa i albuekroken.

Handtering av sykdom:

• Ha låg terskel for å senda sjuke born heim fra barnehage og skule.

• Foreldre bør oppfordrast til å halda borna heime ved sjukdom for å hindra spreiing av smitte. Ved mistanke om koronavirus bør barnet haldast heime i 14 dagar eller så lenge legen tilrår.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Vi tilrår ikkje at born bruker munnbind. Feilbruk skjer ofte, og personar som bruker munnbind, tar seg oftare til ansiktet, noko som kan auka smittefaren. Dersom born møter opp med munnbind, bør foreldra kontaktast og informerast om at dette ikkje er nødvendig eller ønskeleg.

Aktivitetar på skulen:

• Barnehagar og skular kan ha aktivitetar som normalt, men i periodar med mykje smitte kan det vera lurt å tenkja gjennom om det er mogleg å unngå tilrettelegging av aktivitetar som medfører unødig mykje nærkontakt for borna.

• Store born kan oppfordrast til å unngå nærkontakt i form av klemmar.

Tilrettelegging i bygget:

• For å redusera smittespreiinga vert det tilrådd styrkt reinhald der borna er mykje.

• Sørg for spritdispenserarar dersom det ikkje er tilgang til såpe og vatn. Det kan også hengjast opp plakatar som minner borna om å vaska hendene

Informasjon til foreldre:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Alle barnehagar og skular blir oppfordra til å ha god dialog med foreldre/føresette. Det vil bli laga eit felles informasjonsbrev som blir formidla til barnehagane og skulane måndag 2. mars innan kl. 12.00