Avgrensing: Frå måndag 9. mars vert det ei avgrensing av besøkjande til pasientar og bebuarar ved Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter.

Koronaviruset: Innfører restriksjonar for besøk på Luranetunet og FBBS

For å hindra smitte av det nye koronaviruset, innfører kommunen restriksjonar for besøkjande til institusjonane i kommunen.

– I samråd med føringar frå Folkehelseinstituttet (FHI) og kommuneoverlegen i kommunen, har vi vedteke at det er nødvendig å setja inn førebyggande tiltak ved pleie- og omsorgsinstitusjonar i kommunen for å førebyggja smitte av det nye koronaviruset, opplyser kommunen.

Frå måndag 9. mars vert det ei avgrensing av besøkjande til pasientar og bebuarar ved Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ønskjer å verna både bebuarar, pasientar og våre tilsette mot smitte, då ein eventuell pandemi vil setja helsetenestene vår i ein kritisk situasjon, skriv kommunen som oppfordrar sterkt om at pårørande avgrensar talet til maks to faste personar som kan besøkja sine.

Desse kan ikkje besøke helseinstitusjonar: Personar som har vore i område med vedvarande spreiing dei siste 14 dagane eller har symptom på luftvegsinfeksjon.

I heilt spesielle høve og der besøk er nødvendig, kan ein ringja avdelinga ein skal besøkja på førehand, slik at det kan gjerast nødvendige smitteverntiltak før ein kjem.

– Vi forstår godt at dette kan vere ei utfordring for mange. Samstundes håpar og trur vi de har forståing for at vi innfører desse tiltaka for å verna om pasientane og bebuarane våre, skriv kommunen, som legg til at alle besøkjande må overhalda gode råd om hand- og hostehygiene.

– Sjå oppslag på institusjonane. Det er viktig at desse blir lesne og følgde. Det er sett opp dispenserar med handdesinfeksjonsmiddel ved inngangsparti og ved inngang til kvar avdeling. Desse må nyttast!