Kortreist ferie: 10 aktivitetar for små og store
For deg som enno ikkje har ferieplanane klare, har Bjørnafjorden ei rekkje varierte aktivitetar å by på.
Bjørnafjorden kan tilby aktivitetar for ein kvar smak. Om ein ikkje har lagt planar for veka, er her nokre tips til kva ein kan finna på i nærområdet.
Den historieinteresserte
1. Gå 3.000 år tilbake i tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den historieinteresserte bør ikkje gå glipp av helleristningane på Grødalshaug i botnen av Vargavågen på Halhjem. Desse praktfulle helleristningane stammar frå bronsealderen og er over 3.000 år gamle.
På bergflata i vågen er det til saman 16 figurar og 31 skålgroper.
2. Ei reise til mellomalderen
Ei anna turløype som byr på historiske opplevingar, er Munkestien frå Lysekloster til Søfteland. Munkestien er omtrent fire kilometer lang, og går frå klosterruinane til Røykenes på Søfteland.
3. Sjå Noregs einaste Madonna av sitt slag
Til helga held Holdhus gamle kyrkje ope for besøkande midt på dagen. Prislappen er ikkje avskrekkande, med 70 kroner for vaksne over 18 år.
Kyrkja er truleg frå 1720-talet og er ei etter-reformatorisk kyrkje. Kyrkja er vakker på innsida og har ein spanande bygningshistorie frå fleire ulike periodar.
Holdhus gamle kyrkje er òg heimstaden til den unike steinskulpturen Madonna, som er den einaste av sitt slag i Norge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kunst og kultur
4. Kunstomvising på Oseana
På søndag kan du drøyma deg vekk i Oseana si kunstsamling, og få eit djupdykk i kunsthistoria. Omvisinga er gratis og varer i 30-45 minutt.
5. Finn roa på Bjørnafjorden bibliotek
For lesehesten har Hovudbiblioteket i Os og Eikelandsosen filial ope i vekedagane. Her kan ein låna bøker heilt fram til veke 30. For born i barneskule-alder pågår «Sommarles», ein digital kampanje med mål om å få born til å lesa gjennom sommarferien.
6. Fuglehusbygging for den hendige
Skaparstovo på Øyro arrangerer fuglehusbygging for familiar onsdag og torsdag. Dette er eit gratis drop-in tilbod der ein kan få utfalda seg sjølv kreativt.
For den aktive bjørnafjordingen
7. Lån utstyr gratis ved BUA Bjørnafjorden
Dersom ein ønskjer å bruka sommaren til aktive utandørsaktivitetar, kan det vera verdt å ta turen innom BUA Bjørnafjorden for gratis lån av sports- og aktivitetsutstyr.
Artikkelen held fram under annonsen.
BUA har utlånspunkt i Os og Eikelandsosen på tysdagar og torsdagar.
Kanskje no er tida for å testa vassaktivitetar som SUP-brett eller wakeboard?
8. Test deg sjølv i racketsporten padel
Padel har blitt eit populært tilbod dei siste åra. Sporten er kombinerer element frå tennis og squash. InterPadel Os i Ådnadalen har 13 banar ein kan leige. Prisane går frå 250 kr og oppover.
Det finst også ein bane på Bogøy i Holmefjord.
9. Diverse aktivitetar for born og unge
Nore Neset IL arrangerer open hall i Nore Neset Arena kvar dag gjennom heile juli. Her kan born og unge delta på aktivitetar som e-sport, kanonball, padel og innebandy. Dei frammøtte vert ivareteke av ungdomar tilknytta idrettslaget.
10. Finn roa i sauna etter eit forfriskande bad i fjorden
Artikkelen held fram under annonsen.
Sommaren er tida for bading. Etter eit forfriskande bad kan både Os og Eikelandsosen freiste med ein avslappande stund i sauna. Prisen er dynamisk og vert rekna ut i frå tid og vedforbruk.