Laserkontroll: Illustrasjonsfoto.

Køyrde 20 km/t over fartsgrensa ved skule og barnehage

Utrykkingspolitiet (UP) hadde kontroll i Hegglandsdalen måndag formiddag.

– UP hadde kontroll i 30-sona på Hegglandsdalsvegen måndag klokka 09.20. Dei stod ved skulen. Det står ikkje kor mange dei kontrollerte, men det blei delt ut eitt forenkla førelegg. Sjåføren køyrde i 50 km/t, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ifølgje oversikta på politiet.no medfører dette bot på 5.500 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Melding om båt

Måndag ettermiddag i 15-tida, fekk politiet melding om ein båt i Ferstadvågen.

– Det skal vera ein plastbåt, 14 fot. Båten har lege der sidan fredag kveld eller laurdag morgon. Båten er kvit/gul i fargen med raud botn. Motoren har seks hestekrefter, seier Anne Lyssand, som ikkje vil opplysa kva merke motoren har.

– Det vil eg spørja folk om når dei tek kontakt med politiet, slik at eg ikkje gjer ut all informasjon her.