Feil veg: Bilen skal ha køyrt fire km i feil retning før han snudde. Her frå ei øving før vegopninga.

Mann i 80-åra køyrde fire kilometer i feil retning i Lyshorntunnelen

Politiet stansa bilen på utsida av Skogafjellstunnelen i Os.

Ein mann i 80-åra skal måndag morgon ha køyrt fire kilometer i feil køyreretning på E39 Lyshorntunnelen.

Bilen køyrde i sørgåande løp, men i retning Lagunen. Han skal til slutt ha snudd inne i tunnelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk melding om hendinga via Vegtrafikksentralens automatiske alarmsystem i tunnelen.

— Dette kunne ha gått skikkeleg gale, men vi har ikkje fått melding om at det skal ha oppstått nesten-ulukker eller at andre bilførarar har måtta køyrt av vegen.

Det opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Han fortel at politiet straks rykte ut og la seg på hjul bak føraren, som då var på veg i retning Os.

Bilen vart stoppa på utsida av Skogafjelltunnelen i Os like over klokka ni, og det vart teke beslag i førarkortet til mannen.

Det er oppretta sak etter hendinga.