Kom køyrande mot: Ein bilist opplevde å få ein bil mot seg då vedkomande køyrde nordover i Skogafjellstunnelen måndag formiddag. Det opplyser politiet.

Køyrde nordover i Skogafjellstunnelen. Der kom det ein bil køyrande i motsett retning

Meldinga kom inn til politiet rett før klokka 10 måndag.

Måndag formiddag fekk politiet melding frå ein bilist som hadde køyrd nordover i Skogafjellstunnelen.

— Melder blei møtt av eit køyretøy som kom køyrande i motsett retning. Politiet vil oppretta sak og har fått gode opplysingar til å finna ut kven føraren var, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare opplyser Lyssand at Vegtrafikksentralen har video av hendinga.

— Det står att ein god del etterforsking. Difor har ikkje vi fleire opplysingar å koma med no, skriv Lyssand.